www.gronnkirke.no

 

 Et samarbeid mellom:
 

 

 
 
 
 
 
 

 
Følg Grønn kirke på facebook 


3. Jorddekke

Eit hovudprinsipp i økologisk hagebruk er at jorda skal vera dekka til. Opa jord er utsett for utvasking, opptørking og ugrassamling. Plengras er eit framifrå jorddekke. Nokre gongar om sommaren bør difor plengraset samlast opp og nyttast til å dekka jorda i blomebeda. Dei pårørande bør også oppmodast til å ta med seg plengras til jorddekke på blomefelta ved kvar enkelt grav. På den måten vil dei seinare spara mykje arbeid med ugrasluking. Jorddekket vil tilføra jorda næring etter kvart som det rotnar, og det vil hindra at jorda tørkar ut i tørre periodar. Ved god jorddekking vil difor behovet for vatning verta sterkt redusert.

Utanom plengras kan bark nyttast til jorddekke. Lauv, flis, tang og tare kan også nyttast, men tang og tare må vaskast ut før det vert nytta. Kompost kan også med fordel nyttast til jorddekke. Kompostlaget bør då dekkast til med våte aviser før det heile vert dekka med bark. Ved slik bruk av komposten, vil den fungera som eit næringslager for plantene i lang tid.

 

< Tilbake til artikkelen                                   Tiltak 4: Grasarealet >

 

SE HELE NYHETSLISTEN