www.gronnkirke.no

 

 Et samarbeid mellom:
 

 

 
 
 
 
 
 

 
Følg Grønn kirke på facebook 


5. Haustlauvet

Haustlauvet er ein viktig ressurs i ein økologisk næringssirkel. Det betyr at lauvet skal innatt i næringskjeda, og ikkje fjernast frå kyrkjegarden.
Dette kan gjerast på fleire måtar:

  • Ein køyrer om hausten over grasarealet med plenklipparen for på den måten å knusa lauvet. Det knuste lauvet skal ikkje samlast opp, men rotna på staden. 
  • Lauvet vert, frå område med store samlingar, samla opp og lagt i kompost.

Elles er det å merka seg at haustlauvet også kan vera svært dekorativt der det ligg på bakken. Det har fine fargar. Haustlauv som kviler på kyrkjegarden kan også ha ein vakker symbolverdi for mange menneske.

Grusgangar, vegareal, trapper og kjellarskot må likevel haldast frie for lauv. Herfrå må det samlast opp og leggjast i kompost.

 

< Tilbake til artikkelen                                 Tiltak 6: Grusgangane >

 

SE HELE NYHETSLISTEN