www.gronnkirke.no

 

 Et samarbeid mellom:
 

 

 
 
 
 
 
 

 
Følg Grønn kirke på facebook 


10. Kunngjering om økologisk drift.

Kvar enkelt grav er dei pårørande sitt område. Det betyr at dei pårørande må ha stor fridom til å stella gravene på sin måte. Vil dei nytta kunstgjødsel og kjemiske sprøytemidlar, kan me vanskeleg nekta dei det. Ei sterk oppmoding om økologisk drift, og informasjon om korleis ein gjer det, kan derimot gjevast gjennom ei enkel brosjyre som vert delt ut saman med t.d. kyrkjegardsvedtektene. På ein lett synleg plass, ved t.d. vassplassen, kan det setjast opp eit enkelt skilt med informasjon om at gravplassen vert driven etter økologiske prinsipp, og mest mogeleg giftfri.

Omlegging til økologisk drift av gravplassane er først og fremst å øva seg i å tenkja nye løysingar. Kunstgjødsel og kjemiske sprøytemiddel har til no vore lett å ty til når ein har hatt lite av pengar og arbeidskraft. Ei økologisk drift kan verta litt dyrare dei første åra. Særleg vil innkjøp av organisk gjødsel kosta noko meir enn vanleg kunstgjødsel. Arbeidsmessig vil det neppe vera store skilnader på dei to driftsmåtane.

Omlegging av drifta krev også i liten grad nytt utstyr. Ein flammekastar må erstatta ryggsprøyta, og ein bør på sikt skaffa seg ei traktorrive til å halda grusgongar og vegar frie for ugras.

Når ein har drive utan bruk av kunstgjødsel og kjemiske sprøytemidlar nokre år, så har gravplassen kome i økologisk balanse. Vedlikehaldsarbeidet vil då gradvis verta enklare. Det viktigaste arbeidet vert å informera folk om at dette er ein økologisk driven kyrkjegard, der me faktisk aksepterer eit og anna ugras, og der plengraset får liggja på marka til det tørkar vekk eller rotnar. I ein periode kan me rekna med enkelte reaksjonar frå folk som ikkje likar dette.

For ei bygd eller ein tettstad vil det ha stor verdi at kyrkjegarden vert driven økologisk. Ei grøn og giftfri lunge midt i bygda vil stimulera dyre- og fuglelivet i heile området. Dessutan vil det verka motiverande på andre offentlege driftseiningar og på private hus- og hage-eigarar som litt etter litt vil sjå at slike driftsopplegg også kan nyttast hjå dei.
Til sjuande og sist, handlar det om å ta vare på mangfaldet i naturen. Vern om levande liv er ei fin målsetjing for drifta av ein gravplass og vern om skaparverket skulle vera både plikt og glede for ei levande kyrkje.

 

< Tilbake til artikkelen                                     

 

SE HELE NYHETSLISTEN