www.gronnkirke.no

 

 Et samarbeid mellom:
 

 

 
 
 
 
 
 

 
Følg Grønn kirke på facebook 


1. Gjødsling

Kunstgjødsel (handelsgjødsel) skal berre i liten grad nyttast. Kunstgjødselen fører til at mikroorganismane og meitemarken mistrivest og held seg vekke. Jorda vert gradvis surare, og plantene vil få mindre motstandskraft mot sjukdom og skadedyr. Kunstgjødsel inneheld ofte store mengder lettoppløyseleg nitrogen. Dette gjer at plantene veks fort, men får lita motstandskraft mot sjukdom.

Organisk gjødsel er derimot langtidsverkande. Den vert gradvis oppløyst og vert dermed tilbydd plantene i passande mengder til ei kvar tid. Slik næring stimulerer mikroorganismane og gjev gode levevilkår for meitemark og nytteinsekt.
Utvaskinga av næringsstoffa er også mindre ved at mikroorganismane overtek den næringa plantene ikkje nyttegjer seg. På ein gravplass er det overlag viktig at jordbakteriane og mikroorganismane trivest og har gode vekstvilkår.

Ei ulempe med å gå over til organisk gjødsel, er prisen. Kunstgjødsel er etter måten billeg. Organisk gjødsel (naturgjødsel) er dyr når den skal kjøpast som pellets.

Ved omlegging av driftsrutinane vil likevel mykje innkjøpt gjødsel kunna sparast. Plenklipparen bør nyttast så ofte at plengraset kan liggja att utan at ein samlar det opp. Lauvet om hausten bør køyrast over med plenklipparen for å knusa det. På den måten vert også det til humus og næring.

< Tilbake til artikkelen                                           Tiltak 2: Kalking >

 

SE HELE NYHETSLISTEN