Økologisk drift av kyrkjegardane i Radøy sokn
Av Meinert Helland
På Radøy i Nordhordland har kirkeverge Meinert Helland god erfaring med å drive de tre kirkegårdene i prestegjeldet økologisk. Mange er interessert i å høre mer om denne modellen; her finner du beskrivelsen av hvordan dette kan gjøres i praksis:
Grunntanken i økologisk drift er at det er jorda som skal dyrkast, ikkje plantene.
Kyrkjegardane ligg stort sett svært sentralt plasserte i bygdesentra. Dei er, og vil i all framtid vera grøne lunger som skal fungera midt i ein travel, stressande kvardag. Det er ikkje noko mål i seg sjølv å markera at ein driv økologisk på kyrkjegardane, men det er ein fin tanke å ha med seg at gravplassane skal gi plass og levevilkår for det levande mangfaldet i naturen. Utan eit Ievande jordsmonn som inneheld mikroorganismar og t.d. meitemakk, kan ikkje plantene nyttegjera seg organisk næring, og trivsel og vekst stagnerer.
Fuglelivet er viktig på kyrkjegarden. Etter kvart som dei store trea på kyrkjegardane veks til att, og hekkplantene vert tettare, vil vonleg fleire og fleire av småfuglane finna vegen tilbake, og finna seg trivelege reir- og opphaldsplassar på gravplassen. Då er det viktig at livsmiljøet der er mest mogeleg giftfritt, og har størst mogeleg tilgang på næring året rundt. Fugleungane er dei første som bukkar under dersom ein nyttar kjemiske plantevemmidlar mot skadedyr. Når føda vert forgifta, døyr fugleungane.
Økologisk drift av gravplassane bør få fylgjande konsekvensar for
- Gjødsling
- Kalking
- Jorddekke
- Grasarealet
- Haustlauvet
- Grusgangane
- Plantevernmidlar
- Kjeldesortering og kompostering
- Stimulering av fuglelivet
- Kunngjering om økologisk drift
Les mer
Økologisk kirkegårdsdrift fenger på Vestlandet.
> Les mer her.
Sjekkliste for ressursvennlig og økologisk drift av kirkegården
> Last ned her.
14.03.16
16.02.16
05.02.16
VIKTIG INFORMASJON!
Samarbeidsprosjektet Skaperverk og Bærekraft er ferdig nå i 2016, og nettsiden gronnkirke.no vil derfor være noe statisk i en periode, før stoffet på nettsiden flyttes over til Den norske kirke og Norges Kristne Råds hjemmesider.